top of page
Har de tenkt på å bli fosterheim?

Over 300 barn ventar på å få kome i fosterheim, talet er stigande. Barnevernpartner AS gir informasjon og fagleg rettleiing til familiar som vurderer eller ynskjer å bli fosterheim.

Lurer de på om fosterheim kan vere noko for dykk? Les meir nedanfor, eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.

 
Andre tenester

Med over 20 års erfaring tilbyr vi rettleiing til tilsette/nytilsette i barnevernet, besøksheimar, utredning og oppfølging av enkeltsaker, tilsyn i fosterheim og andre skreddarsydde tiltak/tenester. 

 

 

Kva treng ein fosterheim – eigentleg?

De treng å ha:​​

  • omsorg å gi, og plass i hjartet til eit barn eller ein ungdom

  • tid og overskot til å følgje opp kvardagen til eit barn/ungdom

  • eit ledig soverom og plass i heimen

  • ein nokolunde stabil kvardag

  • vilje til å samarbeide med skule, familie og hjelpeapparat

  • moglegheit til å vere heilt eller delvis frikjøpt frå jobb – særleg dei første åra

De treng ikkje:

  • vere “perfekte” (det er ikkje fosterbarn heller)

  • ha stort hus, hage eller «A4-liv»

  • ha svar på alt frå starten av

  • stå aleine 

Kva tilbyr Barnevernpartner AS?

  • uforpliktande samtalar og informasjon for dykk som berre er i "tenkeboksen"

  • tett fagleg støtte og oppfølging før, under og etter at de får ei plassering

  • tilgjengelegheit for råd og støtte når de treng det

  • avlastning etter behov

​Målet er å saman skape trygge oppvekstvilkår for barn og unge som bur i fosterheim. Du kan kontakte oss på telefon eller e-post  

Hjemme førskoleopplæring

Nysgjerrige på å bli fosterheim?

Mange barn ventar på å få ein ny heim

Om Barnevernpartner AS

Eg heiter Lene Borlaug og står bak Barnevernpartner AS. Selskapet er etablert for å tilby fagleg solide barnevernstenester.
Eg har over 20 år erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i barnevernet, kombinert med leiarerfaring og mastergrad. Eg underviser også i barnevernspedagogikk på Høgskulen.
Fagleg bakgrunn:
  • Bachelor i barnevern
  • Vidareutdanning i samspel og tilknyting, samt psykososialt arbeid med barn og unge
  • Mastergrad i tverrfagleg arbeid med barn, unge og familiar
  • Kurs/kompetanse: Crowell-prosedyren, traumebevisst omsorg, Trygg base, Lederløftet m.m.
Erfaring:
  • Over 20 år i barnevernsfeltet – tiltak, saksbehandling, oppfølging av fosterheimar og leiing
  • 9 års leiarerfaring, mellom anna frå barnevernstenesta​
  • Høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet
Gjennom Barnevernpartner AS ønskjer vi å ha fokus på tett og god fagleg oppfølging av fosterheimar, besøksheim, rettleiing til tilsette i barnevernet, kontaktperson i enkeltsaker og andre skreddersydde tenester. 

Ta kontakt på telefon eller e-post.
IMG_6032.jpeg
bottom of page